Om fylkesprofilane

Fylkesprofilane viser kor langt fylka er komne, kor dei er på veg, og kva føresetnader dei har for å koma vidare i arbeidet med klimatilpassing i norske fylke.

I dei alle fleste figurane samanliknar me fem ulike grupper i kvart fylke med landsgjennomsnittet for si gruppe. Fylkesprofilane viser dermed berre relative skilnader, til dømes kor mange klimatilpassingstiltak kommunane i snitt i Rogaland har gjennomført samanlikna med snittet for alle kommunane i Noreg.

Dataane kjem frå fire ulike spørjeundersøkingar til fem ulike grupper:

  • Kommuneundersøkinga 2021. Svar frå 146 norske kommunar.

  • Regionundersøkinga 2022. Svar frå 251 tilsette i fylkeskommunar og 231 tilsette i statsforvaltarar.

  • Individundersøkinga 2021, 2022 og 2023. Svar frå omlag 2000 norske innbyggarar.

  • Landbruksundersøkinga 2023. Svar frå omlag 1000 norske bønder.

Alle spørjeundersøkingane er gjennomført i forskingsprosjektet Norsk klimamonitor, og rådata kan lastast ned og brukast fritt mot kreditering. Ver merksam på at tala me presenterer er basert på spørjeundersøkingar og kan innehalde feil. Respondentane si eiga oppfatning stemmer ikkje nødvendigvis overeins med objektive mål på innsats, risiko eller berekraft. Tala herifrå bør difor brukast med varsemd og sjåast i samanheng med andre datakjelder.

Denne tenesta skil seg frå til dømes dei regionale klimaprofilane til Norsk klimaservicesenter, som ser på dei fysiske klimaendringane basert på observerte data og framskrivingar.

Organisering av data

Alle spørjeundersøkingane er delt inn fylkesvis, basert på fylkesgrensene i 2024, for å kunne samanlikne gruppene i kvart fylke med landsgjennomsnittet for si gruppe.

Alle datasetta kan lastast ned her.

Nokon av undersøkingane inneheld gruppar med få respondentar. Me har valt å behalde disse gruppene, men markert alle gruppene med færre enn ein gitt minsteverdi ei stjerne (*). I kommuneundersøkinga har me satt grensa til minst 10 respondentar eller minst 40% av kommunane i fylket representert. Dette skuldast at det er få kommunar i nokre fylke. I regionsundersøkinga har me også satt grensa til minst 10 respondentar per fylke. I landbruks- og innbyggjarundersøkinga har me krevd eit høgare antal respondentar. I innbyggjarundersøkinga har me satt grensa til 50 respondentar og i landbruksundersøkinga til 25.

Alle svara er samanlikna med landsgjennomsnittet for si gruppe, og ikkje gjennomsnittet av fylka innanfor si gruppe. I dei fleste tilfelle er det små skilnader mellom desse to reknemetodane, men den første måten sikrar at fylker med få respondentar ikkje gjer store utslag på gjennomsnittstala.

Me har ikkje laga ein eiga fylkesprofil for Oslo grunna dårleg datagrunnlag. Det er berre Innbyggarundersøkinga som har gode data for Oslo. Både i kommuneundersøkinga (n=1) og i landbruksundersøkinga (n=2) er datagrunnlaget svakt og Oslo har ingen fylkeskommunal administrasjon. Hjå statsforvaltaren er Oslo organisert saman med Viken og me har ikkje høve til å skilje Oslo og Viken i denne samanhengen. Ein kan likevel finne visse tal for Oslo i datasettet.

Utrekning av indikatorar

I fleire av spørjeundersøkingane er det nytta såkalla spørsmålsbatteri: 

 Biletet over viser eit av spørsmålsbatteria brukt til å talfeste innsats-indikatoren i Tilpassingsmoment-figuren for kommunane. Når me reknar ut denne indikatoren, fjernar me «vet ikke/ikke relevant»-svar frå totalen, brukar andelen som har svart positivt («meget stor grad» eller «stor grad») på dei ulike enkeltspørsmåla i batteriet og finn gjennomsnittet av det. Det gir oss eit gjennomsnitt for kvar kommune. Sidan reknar me ut gjennomsnittet av alle kommunane i dei ulike fylka og samanliknar det med landsgjennomsnittet for alle kommunane i landet.

Der det er fleire spørsmål som saman utgjer indikatoren i Tilpassingsmoment-figuren, slik som eksempelet over, brukar me gjennomsnittet av dei to spørsmåla.

Nokre indikatorar består av enkeltspørsmål, men er elles rekna ut på same måte. Det gjeld til dømes alle datane frå individundersøkinga. Einskilde spørsmål (kommune Q11 og landbruk Q5/Q6 (sjå datasetta)) har me kategorisert på ein anna måte (sjå framgangsmåten til kvar einskild undersøking nedanfor).

Alle talverdiane er standardisert opp imot landsgjennomsnittet for kvar enkelt gruppe. Me brukar dette avviket frå landsgjennomsnittet for å illustrere skilnadane mellom fylka. Alle samanlikningar med landsgjennomsnittet er gjort med same gruppe. Ein bør vere varsam med å samanlikne dei ustandardiserte tala på tvers av undersøkingar, grunna mellom anna ulikskap i spørsmålsformulering, svarskala og utval. Fylkesprofilane tek berre for seg eit utval av spørsmåla i undersøkingane. Alle spørsmåla kan finnast i datasetta.

I tolkingane av dataane i fylkesprofilane, brukar me standardavviket og respondenttalet for dei ulike gruppene i kvart fylke som referanse for å diskutere om skilnader frå landsgjennomsnittet er interessante. Dette er tilgjengeleg i datasetta

Meir om svarskalaen

Svarskalaen varierer mellom undersøkingane, men framgangsmåten for å rekne ut andelane som er brukt til å rekne ut den relative skilnaden mellom fylkesgjennomsnittet og landsgjennomsnittet er lik. Me brukar dei to mest positive (eller negative i nokre få tilfelle) svaralternativa til å rekne ut andel.

Dei fleste spørsmåla i Region- og Kommuneundersøkinga er stilt på ein unipolar 5-punkt Likert-skala med desse svaralternativa:

·     I svært stor grad/ i stor grad/ verken stor eller liten grad/ i liten grad/ i svært liten grad (Regionundersøkinga)

·     meget stor grad/stor grad/noen grad/liten grad/ingen grad (Kommuneundersøkinga)

Enkelte spørsmål er stilt på ein bipolar 5-punkt Likert-skala:

·     svært positivt/ ganske positivt/ både positivt og negativt/ ganske negativt/ negativt

·     helt enig/ delvis enig/ verken enig eller uenig/ delvis uenig/ helt uenig

·     meget viktig/ viktig/ verken viktig eller uviktig/ lite viktig/ uviktig

eller ein 7-punkt bipolar skala:

·     svært positivt/ positivt/ litt positivt/ verken eller/ litt negativt/ negativt/ svært negativt

·     svært enig/ enig/ noe enig/ verken enig eller uenig/ noe uenig/ uenig/ svært uenig

Det er ikkje tilrådd å samanlikne tal frå ein unipolar og ein bipolar skala (sjå mellom anna Höhne et al., (2022)), då avstanden mellom dei ulike verdiane vil vere ulik. Ettersom me samanliknar tal som er standardisert opp mot si eiga gruppe, og aldri samanliknar på tvers av spørsmål, omgår me dette.

For spørsmåla på ein 7-punkt skala har me valt ut dei to høgaste svaralternativa (“svært positivt” og “positivt” eller liknande) og utelatt det tredje høgaste alternativet (“litt positivt”) i utrekninga av andel. På den måten har me forsøkt å unngå ein «samtykkeeffekt» av at mange respondentar har ein tendens til å foretrekke litt positive framfor nøytrale verdiar, noko som kan blåse opp resultata for dei positive verdiane (Höhne et al., 2022). Dette gjelder spesielt på bipolare skalaer som i Individundersøkinga, og nokon spørsmål i Landbruks- og Regionsundersøkinga.

Om dei ulike undersøkingane

Kommuneundersøkinga

I handsaminga av datasettet i Kommuneundersøkinga har me starta med å sjekke at det kunn er ein respondent som har svart i kvar kommune. I kommunar kor fleire enn ein person har svart på undersøkinga har me halde på respondenten med 1) høgast posisjon/ kompetanse og/ eller 2) den som har svart «veit ikkje/ ikkje relevant» færrast gonger. Me har også sletta alle respondentar som enten ikkje har svart på nokon spørsmål, eller har svart «veit ikkje/ ikkje relevant» på alle spørsmåla. Etter å ha gjort dette, er 140 kommunar i Noreg representert med ein respondent kvar.  

For spørsmålbatteriet «Hvilke typer klimatilpasningstiltak har dere gjennomført i følgende fag- eller ansvarsområder?» i kommuneundersøkinga (sjå biletet over) har me valt å organisere svaralternativa på ein annan måte. Dette spørsmålsbatteriet er eitt av to brukt til å rekne ut innsats-indikatoren i tilpassingsmoment-figuren.

Her har me samla svara basert på kor mange tiltak som har blitt gjennomført, og skilt mellom tiltaka som har blitt gjennomført berre fysisk eller berre organisatorisk, eller begge deler. I fylkesprofilane har me vore interessert i å vise dei kommunane som har gjennomført flest tiltak (minst tre tiltak både fysisk og organisatorisk). I kommunar som ikkje har svart på nokon av delspørsmåla har me fjerna kommunen frå dette spørsmålet. Der kor minst eitt av delspørsmåla har blitt svart på, har me antatt «ingen tiltak» for dei resterande delspørsmåla.

I spørsmålsbatteri 3 (sjå datasetta), brukt som indikator for Risikosyn, har me sletta alle kommunar som ikkje har kystlinje for svaralternativ Q3.5 (havnivåstiging) og Q3.6 (stormflo). Me har gjort dette for at ikkje tala frå desse kommunane skal påverke gjennomsnittstalet for risikosynet i fylket. I tillegg har me fjerna kommunar med kystlinje (inkludert øyer) under 20 km (SSB, 2011. Dei resterande kommunane som har blitt eliminert i denne prosessen er Nordre Follo, Ås, Skien og Gjesdal. Me har gjort unntak for Verdal kommune (som også har ein kystlinje under 20 km), ettersom kommunesenteret i kommunen ligger ved kysten.

Individundersøkinga

Svara i Individundersøkinga er vekta basert på fylke, kjønn og utdanning. Spørsmålet brukt i risikosyn-indikatoren for dei ulike klimapåverknadene i Innbyggarundersøkinga er stilt som eit spørsmål der respondenten kunn fekk velgje eitt alternativ. Dette skil seg frå dei andre undersøkingane, men fordi vi samanliknar med landsgjennomsnittet for eiga gruppe omgår vi problemet med å skulle samanlikne med dei andre gruppene.

Regionsundersøkinga

I Regionundersøkinga har me ikkje kunne skilje dei tidlegare samanslåtte fylka, og me har difor forheldt oss til 2022-fylkesgrensene. Det betyr at alle tidlegare Viken-fylka har same data for fylkeskommunen og statsforvaltaren. Det same gjeld Troms og Finnmark og Vestfold og Telemark.

På nokon av delspørsmåla i spørjebatteria har veldig mange svart «veit ikkje/ irrelevant», noko som påverkar gjennomsnitta me har tatt av heile spørjebatteriet. Der kor over 70 prosent av respondentane (landsgjennomsnittet) har svart «veit ikkje/ irrelevant» har me fjerna det aktuelle delspørsmålet. For fylkeskommunen gjeld dette spørsmål 11.5, 11.11, 11.12, 11.13, 11.16, 12.4, 12.8, 14.12 og 19.8. For statsforvaltaren gjeld det spørsmål 13.13 og 19.8.

Landbruksundersøkinga

Svaralternativa i landbruksundersøkinga skil seg noko frå dei resterande undersøkingane. I spørsmål 3 i landbruksundersøkinga (sjå datasetta), brukt i Risikosyn-indikatoren, er det mellom anna ein 6-punkt skala, der «Upåvirket, det vil ikke være noen klimaendringer» er eitt av svaralternativa. Her har me brukt svara for «svært negativt» og «ganske negativt» til å rekne ut andel.

Under Innsats-indikatoren, på spørsmål 5 og 6 (sjå datasetta), har me gjort utrekninga litt annleis. For å kunne skilje kor mange tiltak som har blitt gjennomført, har me gitt kvar enkelt respondent ulike verdiar for om dei har gjennomført eitt eller fleire tiltak i dei ulike delspørsmåla. I fylkesprofilane har me valt å sjå på den høgaste verdien («har utført minst ett tiltak»). Tekstsvara i spørsmål 6, som er valfrie svar, har me talt med som gjennomførte tiltak i spørsmål 5. Me har fjerna tekstsvar (total tre svar) som skreiv at dei ikkje har gjort nokon endringar i eiga drift.  

Kjelder:

SSB. (2011). «Byggeaktivitet i strandsonen». Statistikkdatabanken. https://www.ssb.no/statbank/table/01405/tableViewLayout1/

Höhne, J. K., Krebs, D., & Kühnel, S.-M. (2022). Measuring Income (In)equality: Comparing Survey Questions With Unipolar and Bipolar Scales in a Probability-Based Online Panel. Social Science Computer Review40(1), 108-123. https://doi.org/10.1177/0894439320902461

Forrige
Forrige

Data - Fylkesprofilar

Neste
Neste

Rogaland