
Kommuneundersøkinga
Klimatilpassing er eit felt i rivande utvikling. Arbeidsoppgåvene til kommunane utvidar seg og nye metodar og tiltak vert utvikla. Samstundes vert det gradvis tydelegare kvifor dette arbeidet er viktig – klimaendringane gir oss store og komplekse utfordringar som vert sterkare for kvart år som går. Det er difor viktig å få kunnskap om korleis kommunane handterer klimaendringane og kva utfordringar dei har i dette arbeidet. Det er formålet med denne undersøkinga.
Kommuneundersøkinga 2024
Undersøkinga er ei oppfølging av kommuneundersøkinga 2021 og ein liknande undersøking frå 2017. I denne undersøkinga er formuleringane og svaralternative nokså like, men nokre av spørsmåla og svaralternativene er oppdaterte. Det gir oss ei verdifull mogelegheit til å måle utviklinga dei siste syv åra.
Resultata er samla inn i april og mai 2024, gjennom ein spørreundersøking til norske kommunar. Spørsmåla handla om korleis kommunane arbeidar med klimatilpasing.
Innhold
Dataa omhandler norske kommunar sitt syn på og arbeid med klimatilpassing, i tillegg til barrierer for arbeidet og korleis dei bli påverka av konsekvensane av klimaendringar.
Rapporten viser resultat frå ein nasjonal spørjeundersøking våren 2024 til norske kommunar om arbeidet med klimatilpassing. 47 % av kommunane deltok i undersøkinga, som er ein del av Norsk klimamonitor sin kartlegging av korleis offentlege og private aktørar i Norge tenkjer omkring og arbeider med klimatilpassing.
Sitering
Norsk Klimamonitor. (2024). Kommuneundersøkinga 2024 [Datasett]. https://klimamonitor.no/data-offentleg-forvaltning
Tandberg, B. K. R., og Selseng, T., (2024). Status for kommunal klimatilpasning i 2024 En spørreundersøkelse på oppdrag fra KS om arbeidet med klimatilpasning i 2024, sammenlignet med status fra 2021 og 2017. Sogndal: Vestlandsforsking rapport 4/ 2024.
Kommuneundersøkinga 2023
Denne rapporten oppsummerer 16 intervju gjort med fagfolk og leiarar i kommunane som deltok i «KS Kommunenettverk om klimatilpasning 2022-2023». Undersøkinga er gjort som del av ein samarbeidsavtale mellom KS og Norsk senter for berekraftig klimatilpassing (Noradapt) om «KS Kommunenettverk om klimatilpasning 2022-2023», og som ei oppfølging til Kommuneundersøkinga 2021. Rapporten finn at ambisjonsnivået og viljen til å drive klimatilpassingsarbeid i kommunane har auka dei siste fem-seks åra. Likevel er det barrierer som gjer at kommunane ikkje får gjort jobben på den måten dei sjølv meiner er naudsynt. Det manglar framleis ressursar og statleg samordning.
Innhold
Temaa for denne undersøkinga er økonomiplan og budsjett, resultatoppfølging og rapportering, økonomi og bemanning, statleg samordning, kommunal merksemd og prioritet, fagområde med utfordringar, eksternt samarbeid og internt samarbeid.
Sitering
Selseng, T. (2023). “Ambisjonane er høgare, men me får det ikkje heilt til”. Intervju med leiarar og fagfolk i kommunane: Oppfølging av spørjeundersøkinga om klimatilpassing i 2021. Vestlandsforsking-rapport nr. 5/2023. Vestlandsforsking.
Kommuneundersøkinga 2021
Undersøkinga er ei oppfølging av Klimatilpasning i kommunene – nasjonal spørreundersøkelse for KS høsten 2017, som vart ei veldig viktig kunnskapsgrunnlag for arbeidet med klimatilpassing i KS. I denne undersøkinga er formuleringane og svaralternative oppdaterte, men kjerna i spørjeskjemaet er det same. Det gir oss ei verdifull mogelegheit til å måle utviklinga dei siste fire åra.
Resultatene er samlet inn i september og oktober 2021, gjennom en spørreundersøkelse til norske kommuner. Spørsmålene handlet om hvordan kommunene arbeider med klimatilpasning.
Innhold
Dataa omhandler norske kommunar sitt syn på og arbeid med klimatilpassing, i tillegg til barrierer for arbeidet og korleis dei bli påverka av konsekvensane av klimaendringar.
Sitering
Norsk Klimamonitor. (2021). Kommuneundersøkinga 2021 [Datasett]. https://klimamonitor.no/data-offentleg-forvaltning
Rapporten viser resultat frå ein nasjonal spørjegransking hausten 2021 til norske kommunar om arbeidet med klimatilpassing. 42% av kommunane deltok i undersøkinga, som er ein del av Norsk klimamonitor sin kartlegging av korleis offentlege og private aktørar i Norge tenkjer omkring og arbeider med klimatilpassing.
Selseng, T., Skogvang, B. J., Aall, C. (2021). Spørreundersøkelse til norske kommuner om status for 2021 i arbeidet med klimatilpasning (VF-rapport nr. 10-2021). Vestlandsforsking. https://www.vestforsk.no/sites/default/files/2021-12/R-KS-kommuneundersøkelsen2021.pdf
Lisensiert under CC BY 4.0
Fri bruk mot kreditering
Regionundersøkinga
Samanlikna med nasjonalt og lokalt nivå, er det mindre kunnskap om det regionale nivået sin kunnskap om, og barrierar for, klimatilpassing. Både fylkeskommunane og statsforvaltarane har viktige roller i arbeidet med klimatilpassing i form rettleiing, fråsegn og motsegn, og fylkesvis arealplanlegging og risiko- og sårbarheitsanalyse.
Regionundersøkinga 2020
Eit av måla for undersøkinga var å undersøke rollefordelinga og rolleforståinga i klimatilpassingsarbeidet i og mellom fylkeskommunen og dei ulike avdelingane hjå statsforvaltar. Undersøkinga vart distribuert til klimatilpassingsansvarleg i fylkeskommunane og leiarane for tre ulike avdelingar hjå statsforvaltarane: beredskap, landbruk og miljøvern. 39 av 41 potensielle respondentar deltok i undersøkinga. Alle fylke var representert. Datainnsamlinga vart gjennomført mellom oktober og desember 2020.
Forskarar frå Vestlandsforsking, Cicero og Nordlandsforsking deltok i datainnsamlinga.
Innhold
Datasettet inneheld mellom anna tal på korleis rollefordelinga og rolleforståinga mellom fylkeskommunen og fylkesmannen påverker klimatilpassingsarbeidet. I tillegg viser det korleis fylkes- og kommunesamanslåinane har påverka dette.
Sitere
Norsk Klimamonitor. (2021). Regionundersøkinga 2020 [Datasett]. https://klimamonitor.no/data-offentleg-forvaltning
Rapporten syner resultata frå ei spørjeundersøking som blei gjennomført av statsforvaltarane og fylkeskommunane. Bakgrunnen for undersøkinga var å kartlegge om det er eit uavklart rollefordeling mellom statsforvaltar og fylkeskommunar, og er ein del av Norsk klimamonitor sin kartlegging av korleis offentlege tenkjer omkring og arbeidet med klimatilpassing.
Selseng, T., Jansen, M. K., Holm, T. B., Aall, C. (2021). Norsk klimamonitor: Regionsundersøkinga 2020 (VF-rapport nr. 14-2021). Vestlandsforsking. https://www.vestforsk.no/sites/default/files/2022-04/Klimamonitor-%20Regionsundersøking%202020.pdf
Lisensiert under CC BY 4.0
Fri bruk mot kreditering
Regionundersøkinga 2022
Regionsundersøkinga 2022 vart distribuert til 1865 tilsette i alle landets statsforvaltararar og fylkeskommunar. Undersøkinga fekk 483 svar. Dataane er samla inn i august og september 2022. Spørsmåla handla om korleis det regionale nivået jobbar med klimatilpassing.
Nordlandsforsking har stått for datainnsamlinga, i samarbeid med Vestlandsforsking.
Innhold
Datasettet inneheld mellom anna data på kva klimarisiko fylkeskommunar og statsforvaltarar vuderer som høgast i deira fylke og i kva grad dei ser klimatilpassing i samanheng med andre politikkområde.
Sitering
Norsk Klimamonitor. (2022). Regionundersøkinga 2022 [Datasett]. https://klimamonitor.no/data-offentleg-forvaltning
Statsundersøkinga
Å tilpasse det norske samfunnet til klimaendringar krever at mange sektor er med på innsatsen. Samtidig vert manglande samordning mellom sektorane peika på som ein av dei store barrierane for klimatilpassing på lågare forvaltningsnivå. I Statsundersøkinga prøver me å finne ut i kva grad ulike direktorat tematiserer og jobbar med klimatilpassing og kor god dialogen er på tvers.
Statsundersøkinga 2022
Statsundersøkinga 2022 kombinerer dokumentanalyse og intervju for å kartlegge fokuset på klimatilpassing i 16 ulike direktorat. Undersøkinga kartlegg i kva grad klimatilpassing er tematisert i tildelingsbrev, årsmelding og på heimesider, om direktorata har rettleiarar, deltaking i nettverk, og juridiske og økonomiske verkemiddel for åra 2018-2020.
Norce har stått for datainnsamlinga, i samarbeid med Vestlandsforsking.
Innhold
Datasettet inneheld data om i kva grad klimatilpassing er tematisert i tildelingsbrev, årsmelding og på heimesider, om direktorata har rettleiarar, deltaking i nettverk, og juridiske og økonomiske verkemiddel for åra 2018-2020.
Sitering
Norsk klimamonitor (2022). Statsundersøkinga 2022 [Datasett]. https://klimamonitor.no/data-offentleg-forvaltning
Rapporten dokumenter datainnsamlinga og utgreier funna som er presenterte i datasettet.
Veland, S., Wanvik, T.I. (2022). Klimatilpasning i direktoratene 2019-2020. Norsk klimamonitor. Norce-rapport nr. 9/2022.
Lisensiert under CC BY 4.0
Fri bruk mot kreditering