Samanslåingane har gjort fylka betre på klimatilpassing

3 av 5 tilsette i fylka meiner at regionreforma har styrka arbeidet med klimatilpassing. Fleire av dei som har opplevd størst effekt skal oppløysast i 2024.

På spørsmål om korleis fylkessamanslåingane har påverka klimatilpassingsarbeidet, svarar 10 prosent av dei spurte at det har hatt svært positiv effekt. 31 prosent meiner det er har hatt positiv effekt, medan 20 prosent svarar litt positivt. 28 prosent svarar verken eller, medan 5, 3 og 3 prosent svarar høvesvis litt negativt, negativt og svært negativt.

Til saman meiner altså over 60 prosent at regionreforma har hatt litt positiv, positiv eller svært positiv effekt.

Det er berre tilsette hjå fylkeskommunane som har fått spørsmålet som ein del av undersøkinga Klimamonitor Region 2022.

Skal oppløysast att

Regionreforma vart gjennomført i perioden 2017-2020. Målet for reforma var å skape større og meir funksjonelle fylkeskommunar. Talet på fylke vart redusert frå 19 til 11. Trøndelagsfylka slo seg saman allereie i 2018, medan Vestfold og Telemark, Troms og Finnmark, Vestland, Viken og Innlandet vart nye fylke 1. januar 2020.

Frå 1. januar 2024 vert fleire av desse igjen oppløyst. Både Viken, Vestfold og Telemark og Troms og Finnmark går attende til dei sju opprinnelege fylka.

Desse spørsmåla vart stilt:
  • "Hvordan har fylkessammenslåingen påvirket klimatilpasningsarbeidet i din organisasjon?"
  • "Hvordan har kommunereformen påvirket klimatilpasningsarbeidet i din organisasjon?"
    • Respondenten kunne rangere svara på ein sjupunktsskala frå i svært negativt til i svært positivt.
        Berre dei tilsette hjå fylkeskommunane fekk det første spørsmålet. Spørsmålet fekk 147 svar. 264 personar svarte på det andre spørsmålet. Vet ikke-svar er ikkje tatt med i dei dataane som er presentert her.

        Størst forbetring i Viken

        I Viken er det heile 80 prosent som meiner samanslåingane har hatt positiv effekt. Trøndelag og Vestfold og Telemark kjem på plassane etter, med ein andel på høvesvis 63 og 58 prosent som meiner det har hatt positiv effekt. Både Viken og Vestfold og Telemark skal oppløysast i 2024.

        Agder er det fylket som opplev både minst positive og mest negative effektar av samanslåinga. 41 prosent svarar at det har hatt positiv effekt, medan 18 prosent svarar at det har hatt negativ effekt på klimatilpassingsarbeidet å slå saman Agder-fylka.  

        I ei liknande klimamonitor-undersøking frå 2020, svarte berre fire av sju fylke at samanslåingane hadde hatt meir positiv enn negativ effekt. To år seinare er det altså ingen fylke som meiner det.

        Liten merkbar effekt av kommunesamanslåing

        I undersøkinga er det òg spurt om korleis kommunesamanslåingane har påverka arbeidet med klimatilpassing hjå fylkeskommune og statsforvaltar.

        Der er det 25 prosent både hjå statsforvaltar og fylkeskommune som svarar at det har hatt positiv effekt på arbeidet deira. Hjå statsforvaltarane er ein del fleire enn hjå fylkeskommunane som svarar at det har hatt negativ effekt. 11 prosent svarar det hjå statsforvaltar, medan 6 prosent svarar det i fylkeskommunane.

        Klimamonitor Region
        Desse resultata vart samla inn i august og september 2022, gjennom ei spørjeundersøking til norske fylkeskomunar og statsforvaltarar. Undersøkinga gjekk ut til 1865 personar og mottok 483 svar (26%). Spørsmåla handlar om korleis det regionale nivået jobbar med klimatilpasning og kva utfordringar dei har.

        Nordlandsforsking stod for datainnsamlinga, i samarbeid med Vestlandsforsking.

         

        Lisensiert under CC BY 4.0

        Fri bruk mot kreditering

         
         
         
         

         
        Forrige
        Forrige

        Halvparten mener store omstillinger må til i landbruket

        Neste
        Neste

        Manglande samarbeid i staten er det største problemet