Norsk klimamonitor samlar inn og deler data om klimatilpassing i heile samfunnet
Norsk klimamonitor er forankra i Norsk senter for berekraftig klimatilpassing (Noradapt), landets leiande forskingsmiljø på klimatilpassing, og breitt koordinert med forvaltning, næringsliv og sivilsamfunn.
Klimatilpassing er vanskeleg å måle. På den eine sida er effektane av klimaendringane uføreseielege og behovet for klimatilpassing vanskeleg å lokalisere. På den andre sida er klimatilpassing òg eit bevegeleg mål: det som fungerte i går, fungerer kanskje ikkje i morgon. Ny kunnskap kjem stadig til, og prosessane og framgangsmåtane endrar seg heile tida. Kva som blir gjort til ei kvar tid av kven, og korleis, er difor vanskeleg å halde styr på.
Målet med Norsk klimamonitor er å gjere noko med dette. Gjennom å samle inn data frå alle delar av samfunnet: privat næringsliv, offentleg forvaltning og innbyggarar, prøver me å få nok informasjon til å kunne sjå heilskapen.
Norsk klimamonitor vart offisielt opna i desember 2021.
Alle data i Norsk klimamonitor kan lastast ned og brukast fritt i samsvar med CC BY 4.0.
Kva data samlar me inn?
Privat næringsliv
Medan enkelte delar av samfunnet (særleg delar av forvaltinga) er godt dekte i forskingslitteraturen, er det andre delar me ikkje har like god forståing av. Det private næringslivet og private hushald er eksempel på det. I Noreg, så vel som internasjonalt, handlar litteraturen om det private næringslivet først og fremst om primærnæringar, reiseliv og finans.
For å utvide forståinga av klimatilpassingsinnsatsen i det private næringslivet, gjennomfører Norsk klimamonitor Konsulent- og arkitektundersøkinga, som seier noko om korleis norske konsulentar opplever klimatilpassingsarbeidet, kompetansen og initativet til oppdragsgivar, og i kva grad klimatilpassing er på dagsorden hos ulike oppdragsgivarar.
Offentleg forvalting
Offentleg forvalting er den delen av samfunnet som, naturleg nok, er best undersøkt. Likevel viser nyare forsking at det også her er mykje me ikkje veit. Tidlegare datainnsamlingar om klimatilpassing i forvaltinga, ber preg av at feltet har modna raskt. Difor er gamle data mindre relevante i dag.
Norsk klimamonitor gjennomfører tre undersøkingar i offentleg forvaltning:
Kommuneundersøkinga, der me samlar inn data frå kommunar.
Regionundersøkinga, som ser på rolleforståinga og rollefordelinga mellom fylkeskommunane og statsforvaltarane.
Statsundersøkinga, som ser på sentrale dokument, kommunikasjonar og prosessar i relevante direktorat og etatar.
Innbyggarar
Denne delen av samfunnet er det me veit minst om. Kva meiner folk flest om klimatilpassing? Kva meiner veljarane om dei politiske prioriteringane som blir gjort? Kva tenkjer dei om klimarisiko på eigen eigedom?
Dette er spørsmål me prøver å få svar på i Individundersøkinga til Norsk klimamonitor. Individundersøkinga vert gjennomført i samarbeid med UiB og Norsk medborgerpanel.
Norsk klimamonitor i media
«Noradapt lanserer Norsk Klimamonitor» Publisert på Noradapt sin hjemmeside 29. november 2021.
«Mer storm, skred og flom: Hvem har ansvar for å sikre oss mot konsekvensene av klimaendringer?» Publisert på Energi og Klima 12. januar 2021
“Vi er skeptiske til klimaendringane, men ikkje til klimatilpassing.” Kronikk i Nationen 17. august 2022.
“Gaute betaler gjerne opptil 100 kroner mer i bompenger for sikrere vei. – Det bør være et spleiselag.” Nyheitssak i Bergens Tidende 06. september 2022
“Nei til ekstraavgift på rasfarlege vegar.” Leiar i Bergens Tidende 07. september 2022
“Over halvparten av nordmenn trur ikkje klimaendringane påverkar Noreg no.” NRK 07. desember 2022
“Her blir det farligst å bo i årene fremover.” Nationen 24. august 2023
“Nå blir det enklere å vurdere klimafare i Norge.” Forskersonen 01. september 2023
“218 kommuner sliter med klimatilpasning: - Langt unna der vi bør være.” Alltinget 06. september 2023
“Trippel klimarisiko i jordbruket - et uvær kommer sjelden alene.” Nationen 22. november 2023
Godskriving
Bakgrunnskart på hovudsida er henta frå ©norgeskart.no.
Bakgrunnsbilete på data-sidene: Skjermbilete av climate.min.json frå Michael Xander.
Ikon på hovudsida, data-sidene og publikasjonane:
«business, and, finance, bank, capital, office, building, law icon» av wishforge.games
«industry icon» av Free Preloaders lisensiert under CC BY 4.0.