Regionreforma har styrka klimatilpassinga
Regionreforma har hatt positivt effekt på klimatilpassingarbeidet. Det meiner både statsforvaltarane og fylkeskommunane.
I gjennomsnitt svarar alle avdelingsleiarane hjå statsforvaltarame og klimatilpassingsansvarlege hjå fylkeskommunane at regionreforma har hatt litt positiv effekt. Effekten har vore mest positiv i Trøndelag, men både Vestfold og Telemark, Vestland og Viken opplever at arbeidet er styrka etter samanslåinga. Agder og Innlandet oppgir at regionreforma har ikkje hatt noko effekt, medan Troms og Finnmark opplever at den har hatt litt negativ effekt.
Dette spørsmålet vart stilt:
«Korleis har fylkessamanslåinga påverka klimatilpassingsarbeidet i fylkeskommunen/ i din avdeling hjå statsforvaltar?».
Spørsmålet vart berre stilt til respondentar frå samanslåtte fylke. Respondenten hadde mogelegheit til å rangere svaret sitt på ein sjupunktsskala frå «svært negativt» til «svært positivt».
Mest positivt hjå landbruk og miljøvern
I landbruk- og miljøvern-avdelingane hjå statsforvaltarane har effekten vore mest positiv, men både beredskapsleiarane og klimatilpassingsansvarlege i fylkeskommunane rapporterer om eit svak positiv effekt av fylkessamanslåinga.
Regionreforma vart gjennomført i perioden 2017-2020. Målet for reforma var å skape større og meir funksjonelle fylkeskommunar. Talet på fylke vart redusert frå 19 til 11. Trøndelagsfylka slo seg saman allereie i 2018, medan Vestfold og Telemark, Troms og Finnmark, Vestland, Viken og Innlandet vart nye fylke 1. januar 2020.
Klimamonitor region
Undersøkinga vart distribuert til klimatilpassingsansvarleg i fylkeskommunane og leiarane for tre ulike avdelingar hjå statsforvaltarane: beredskap, landbruk og miljøvern. 39 av 41 potensielle respondentar deltok i undersøkinga. Alle fylke var representert. Datainnsamlinga vart gjennomført mellom oktober og desember 2020.
Målet for undersøkinga var å undersøke rollefordelinga og rolleforståinga i klimatilpassingsarbeidet i og mellom fylkeskommunen og dei ulike avdelingane hjå statsforvaltar.
Forskarar frå Vestlandsforsking, Cicero og Nordlandsforsking deltok i datainnsamlinga.