Manglande samarbeid i staten er det største problemet

Staten snakkar dårleg saman på tvers av departement og direktorat. Det er den største barrieren for klimatilpassing, meiner tilsette hjå fylkeskommunane. Statsforvaltarane er ikkje heilt samde.

På spørsmål om kva som er barrierar for klimatilpassing i fylkeskommunen og Statsforvaltaren sitt arbeid, tronar økonomi og bemanning på topp. I gjennomsnitt svarar 57 prosent i stor eller svært stor grad at desse er barrierar. Sett vekk frå ressursmangel, er manglande statleg samordning den største barrieren. 53 prosent svarar i stor eller svært stor grad at dette er ein barriere.

På plassane under ligg kompetanse på klimatilpassing (41%), kunnskap om lokale/regionale konsekvensar (40%), kunnskap om lokale/regionale konsekvensar (38%), politisk forståing og forankring (38%), organisering av arbeidet (36%), inkludering i plan- og avgjerdsprosessar (32%), rollefordelinga (28%) og samarbeidet mellom SF og FK (21%).

Tala kjem frå årets fylkesundersøking i Norsk klimamonitor. Alle landets statsforvaltarar og fylkeskommunar er med i undersøkinga som fekk til saman 483 svar.

Dette spørsmålet vart stilt: «I hvilken grad hindrer momentene under arbeidet med klimatilpasning i din avdeling?»
    Respondenten fekk elleve alternativ som skulle rangerast:
  • Økonomi
  • Bemanning
  • Manglende statlig samordning
  • Kompetanse på klimatilpasning
  • Kunnskap om aktuelle tilpasningstiltak
  • Kunnskap om lokale/regionale konsekvenser
  • Politisk forståelse og forankring
  • Organisering av arbeidet
  • Inkludering i plan- og beslutningsprosesser
  • Rollefordelingen mellom SF og FK
  • Samarbeidet mellom SF og FK
    • Respondenten kunne rangere svaret på ein fempunktsskala frå i svært liten grad til i svært stor grad.
        483 personar svarte på undersøkinga. Mellom 75 og 191 personar svarte «vet ikke» på dei ulike alternativa i dette spørsmålet. Vet ikke-svar er ikkje tatt med i dei dataane som er presentert her.

        Ulikt syn på statleg samordning

        Over halvparten svarar altså at manglande statleg samordning er ein stor eller svært stor barriere. Men er her det stor skilnad mellom fylkeskommune og Statsforvaltar. Medan nærare 65 prosent av respondentane frå fylkeskommunane svarar at dette er ein barriere i stor eller svært stor grad, svarar 42 prosent av dei tilsette hjå Statsforvaltaren det same.

        Ser ein berre på svara frå fylkeskommunane, er manglande statleg samordning den desidert største barrieren for klimatilpassing.

        Manglande statleg samordning vert i aukande grad identifisert som ein barriere for klimatilpassingsarbeidet i forvaltninga. I ei tilsvarande undersøking til kommunane i 2017 svarte 24 prosent av kommunane at manglande statleg samordning i stor eller meget stor grad var ein barriere. I 2021 hadde dette auka til 42 prosent. Då var det den tredje største barrieren, etter økonomi og bemanning.

        Oslo og Viken merkar lite til det

        I Oslo og Viken er det berre 12 prosent som meiner manglande statleg samordning er ein stor eller svært stor barriere for arbeidet. Det står i skarp kontrast til dei fleste andre regionar i landet. Fylket som svarar nest lågast er Rogaland med 41 prosent.

        Agder er fylket som ser den manglande samordinga i størst grad som eit hinder for klimatilpassingsarbeidet. Der svarar 63 prosent at det er ein stor eller svært stor barriere.

        Klimamonitor Region
        Desse resultata vart samla inn i august og september 2022, gjennom ei spørjeundersøking til norske fylkeskomunar og statsforvaltarar. Undersøkinga gjekk ut til 1865 personar og mottok 483 svar (26%). Spørsmåla handlar om korleis det regionale nivået jobbar med klimatilpasning og kva utfordringar dei har.

        Nordlandsforsking stod for datainnsamlinga, i samarbeid med Vestlandsforsking.

         

        Lisensiert under CC BY 4.0

        Fri bruk mot kreditering

         
         
         
         

         
        Forrige
        Forrige

        Samanslåingane har gjort fylka betre på klimatilpassing

        Neste
        Neste

        Webinar om fylkesundersøkinga i opptak