Vil heller ha skredsikring enn nye vegar
Berre éin av fem meiner at det er viktigare å bruke pengar på nye vegprosjekt enn å sikre dei vegane me allereie har.
I den årets individundersøking frå Norsk klimamonitor svarar 4 prosent av dei spurte at dei er svært samd, 6 prosent at dei er samd, og 10 prosent at dei er noko samd i at me bør prioritere nye vegar framfor å skredsikre dei me har. Totalt svarar dermed berre 20 prosent at dei heller vil ha nye vegar enn å bruke pengar på dei gamle. Heile 58 prosent er enten svært usamd, samd eller noko samd.
Ser ein dette i samanheng med at halvparten no er villige til å betale meir bompengar for auka skredsikring, er det eit tydeleg signal om at folk ønskjer ei prioritering av tryggleik på dei vegane me allereie har.
Veljarar frå SV, MdG og Raudt minst samd
Deler ein inn respondentane etter partitilknyting, ser me at veljarar frå SV, MdG og Raudt er dei som er mest usamde med påstanden. 80 prosent av SV-veljarane, 77 prosent av MdG-veljarane og 75 prosent av Raudt-veljarane er meiner at det er viktigare med skredsikring enn nye vegar.
Flest tilhengarar finn me i Høgre og FrP. Der svarar høvesvis 31 og 30 prosent at dei er samde med påstanden.
- «Kor samd eller usamd er du i følgjande påstand? Det er viktigare å bruke pengar på nye vegprosjekt enn å bruke pengar på å sikre dei vegane me har mot skred og ras.»
Flest tilhengarar i Møre og Romsdal og Agder
I fylka Møre og Romsdal og Agder finn ein den sterkaste oppslutnaden for å prioritere nye vegprosjekt framfor skredsikring. Likevel svarar ikkje fleire enn 30 prosent at dei er svært samd, samd eller noko samd i påstanden.
På den andre sida av skalaen er Troms og Finnmark. Der meiner berre 13 prosent at me bør bruke meir pengar på nye vegar i staden for skredsikring.
Klimamonitor individ
Desse resultata vart samla inn hausten 2021,
gjennom å spørje eit representativt utval nordmenn
om kva dei meiner om framtidige konsekvensar av
klimaendringar.
Tala som er presentert her er vekta basert på
variablane kjønn, alder, landsdel og utdanning
for å få eit meir korrekt bilete av populasjonen.
Dataane i individundersøkinga til Norsk klimamonitor er produsert av DIGSSCORE ved Universitet i Bergen.
Forskarar frå Vestlandsforsking og Cicero deltok i datainnsamlinga.