No er skredsikring viktigare enn bompengar

Halvparten svarar at dei er villig til å betale meir bompengar på vegar dei brukar jamnleg for at desse skal sikrast betre mot ras og skred.

6 prosent av dei spurte er svært samd, 20 prosent at dei er samd og 23 prosent at dei er noko samd i påstanden om at dei vil betale meir bompengar i byte mot sikrare vegar. Sler ein desse tala saman, ser ein at 49 prosent er opne for meir bompengar. Berre 35 prosent svarar til saman at dei er noko usamd, usamd eller svært usamd.

Bompengar har fått mykje merksemd dei siste åra. I oppkøyringa til lokalvalet i 2019 segla det fram som eit av dei viktigaste temaa. I fleire store byar skapte det nystifta «Bompengepartiet» (FNB) nærast kaos. I Bergen fekk dei 17 prosent av stemmene.

Det same året svara 55 prosent at dei var negative til bompengar i ei undersøking frå CICERO. Berre 19 prosent var positive.

No er det truleg ein annan sak som er viktigare: skredsikring.

Dei rikaste vil ikkje betale meir

Dersom me deler respondentane inn etter inntekt, er faktisk dei sterkaste motstandarane av bompengar dei som tener aller best. I gruppa for dei som tener over ein million i årsløn, er det 42 prosent som svarar at dei er «noko usamd», «usamd» eller «svært usamd» i at dei vil betale meir bompengar.

Dei som er mest villige til å betale meir, er inntektsgruppa under millionen, nemleg dei som tener mellom 700 000 kr og 1 000 000 kr. Der svarar 60 prosent at dei er samde.

Dette spørsmålet vart stilt:
  • «Kor samd eller usamd er du i følgjande påstand? Eg er villig til å betale meir bompengar på vegar eg brukar jamnleg for at desse skal sikrast betre mot skred og ras.»
Respondentene kunne rangere svaret på ein sjupunktsskala frå svært usamd" til "svært samd". Spørsmålet vart stilt til eit representativt utval nordmenn.

    Størst motstand i nord

    Troms og Finnmark er det fylket der desidert flest ikkje ønskjer meir bompengar. Der svarar berre 29 prosent svært samd, samd eller noko samd.

    Oslo og Agder er dei fylka som er mest positive til meir bompengar: der svarar 55 prosent at dei er samde. Vestland og Vestfold og Telemark følgjer like bak med høvesvis 54 og 53 prosent.

    Klimamonitor individ
    Desse resultata vart samla inn hausten 2021, gjennom å spørje eit representativt utval nordmenn om kva dei meiner om framtidige konsekvensar av klimaendringar. Tala som er presentert her er vekta basert på variablane kjønn, alder, landsdel og utdanning for å få ein meir korrekt bilete av populasjonen.

    Dataane i individ-undersøkinga til Norsk klimamonitor er produsert av DIGSSCORE ved Universitet i Bergen. Forskarar frå Vestlandsforsking og Cicero deltok i datainnsamlinga.

     

    Lisensiert under CC BY 4.0

    Fri bruk mot kreditering

     
     
     
     

     
    Forrige
    Forrige

    Vil heller ha skredsikring enn nye vegar

    Neste
    Neste

    Tvetydige resultater tyder på manglende kommunikasjon