Over halvparten trur deira kommune vil bli råka

53 prosent meiner deira kommune vil bli negativt påverka av klimaendringane innan ti år. Men det er store skilnader etter partitilknyting.

11 prosent av dei spurte svarar at dei er svært samd, 19 prosent at dei er samd, og 23 prosent at dei er noko samd i påstanden om at deira kommune vil bli negativt påverka av klimaendringar dei neste ti åra. 27 prosent er verken samd eller usamd, medan berre 19 prosent svarar til saman svært usamd, usamd eller noko usamd.

Tala kjem frå årets individundersøking i Norsk klimamonitor.

Nordmenn er blant dei mest klimaskeptiske i heile verda. I ei stor undersøking frå 2019 er me på linje med befolkninga i Saudi Arabia i trua på den menneskelege påverknaden på klimaet. Ei ny EU-studie frå 2022 viser det same. Samanlikna med andre europeiske land, er me dei som har minst tru på klimaforskarar, minst tru på at klimaendringane skil seg ut i eit historisk perspektiv, og desidert minst tru på at klimaendringane er menneskeskapte.

Det er difor ikkje oppsiktsvekkande at berre rundt halvparten meiner at deira kommune vil bli råka av klimaendringane dei neste ti åra.

Store skilnader etter partitilknyting

Sorterer ein tala respondentane etter kva parti dei stemte på ved førre stortingsval, ser ein at det enorme skilnader i trua på at me blir råka av klimaendringane i nær framtid. Blant MdG-veljarane svarar 89 prosent at dei er svært samd, samd eller noko samd i påstanden. Blant Frp-veljarane svarar berre 12 prosent det same.

I alle parti bortsett frå Frp og Sp svarar over halvparten at dei er samd i påstanden. MdG, Raudt og SV skil seg likevel ut, der svarar høvesvis 89 prosent, 81 prosent og 79 prosent at dei er samde.

Dette spørsmålet vart stilt:
  • «Kor samd eller usamd er du i følgjande påstand? Min kommune kjem til å bli negativt påvirka av klimaendringar dei neste 10 åra.»
Respondentene kunne rangere svaret på ein sjupunktsskala frå svært usamd til svært samd. Spørsmålet vart stilt til eit representativt utval nordmenn.

    Oslo mest samd

    Oslo skil seg ut positivt i den geografiske inndelinga. Der svarar 67 prosent at dei er samde med påstanden. Nordland skil seg ut i motsatt retning. Der svarar berre 36 prosent at dei samde med påstanden, medan heile 45 prosent svarar at dei er verken samd eller usamd.

    Klimamonitor individ
    Desse resultata vart samla inn hausten 2021, gjennom å spørje eit representativt utval nordmenn om kva dei meiner om framtidige konsekvensar av klimaendringar. Tala som er presentert her er vekta basert på variablane kjønn, alder, landsdel og utdanning for å få eit meir korrekt bilete av populasjonen.

    Dataane i individundersøkinga til Norsk klimamonitor er produsert av DIGSSCORE ved Universitet i Bergen. Forskarar frå Vestlandsforsking og Cicero deltok i datainnsamlinga.

     

    Lisensiert under CC BY 4.0

    Fri bruk mot kreditering

     
     
     
     

     
    Forrige
    Forrige

    Folk trur regn vil få mest å seie

    Neste
    Neste

    Vil heller ha skredsikring enn nye vegar