Under halvparten meiner klimaendringane er her no
Nordmenn flest meiner dei negative konsekvensane av klimaendringane enten ligg i framtida eller aldri kjem til å kome.
44 prosent svarar at dei trur Noreg for alvor merkar dei negative konsekvensane av klimaendringane no. 26 prosent svarar at me kjem til å merke dei det neste tiåret, 17 prosent svarar om 20-50 år, medan 6 prosent trur det tek lengre tid før klimaendringane verkeleg når oss.
Berre 8 prosent svarar at konsekvensane aldri kjem til å kome.
Tala kjem frå årets individundersøking i Norsk klimamonitor.
At nordmenn er relativt avmålt med tanke på konsekvensane av klimaendringane, er ikkje noko nytt. I ein nyleg internasjonal studie som samanlikna svar frå innbyggarar i Italia, Polen, Irland, Tyskland og Storbritannia, i tillegg til Noreg, stilte dei eit liknande spørsmål: Når trur du klimaendringane vil byrje å skade landet ditt?
Då svarte berre 27 prosent av respondentane frå Noreg at det skjer no, mot 54 prosent i Italia, 46 prosent i Polen, 45 prosent i Tyskland, og 39 prosent i Irland og Storbritannia.
Høg utdanning – høg uro
Kva utdanningsnivå respondenten har, spelar inn på kor nært han oppfattar konsekvensane av klimaendringar å vere. 77 prosent av dei med høgskule- eller universitets-utdanning svarar at klimaendringane er her no eller om ti år. Tilsvarande tal er 66 prosent blant dei med vidaregåande skule som høgast fullførte utdanning, og 59 prosent blant dei utan utdanning.
Det er òg langt fleire blant dei utan utdanning som svarar at konsekvensane av klimaendringane aldri kjem til å kome. 16 prosent svarar aldri blant dei utan utdanning, medan 7 prosent svarar det blant dei med vidaregåande skule og berre 4 prosent blant dei med høgskule- eller universitetsutdanning.
Størst uro i MdG og SV
I Noreg er det tydeleg at partitilknyting har noko å seie. Deler ein inn respondentane etter kva parti dei stemmer på, skil SV og MdG seg ut i opplevinga av kor nært dei negative konsekvensane av klimaendringane er. Blant MdG-veljarar svarar 95 prosent av dei spurte at dei trur klimaendringane er her i dag eller det neste tiåret. Blant SV-veljarar svarar 92 prosent det same. Raudt og Ap er på tredje- og fjerdeplass med høvesvis 85 og 82 prosent.
Frp skil seg klart ut i den andre retninga. Der trur berre 34 prosent at dei negative konsekvensane av klimaendringane er her no eller innan det neste tiåret, medan heile 27 prosent trur dei aldri vil kome.
Klimamonitor individ
Desse resultata vart samla inn hausten 2021,
gjennom å spørje eit representativt utval nordmenn
om kva dei meiner om framtidige konsekvensar av
klimaendringar.
Tala som er presentert her er vekta basert på
variablane kjønn, alder, landsdel og utdanning
for å få eit meir korrekt bilete av populasjonen.
Dataane i individundersøkinga til Norsk klimamonitor er produsert av DIGSSCORE ved Universitet i Bergen.
Forskarar frå Vestlandsforsking og Cicero deltok i datainnsamlinga.