Klimakonsekvensar frå andre land kan bli den største trusselen
9 av 10 som jobbar i fylkeskommunane og statsforvaltarane meiner at grenseoverskridande klimarisiko kjem til å ramme oss hardt. Berre styrtregn blir sett på som meir sannsynleg.
På spørsmål om kva konsekvensar me kjem til å merke i framtida, svarar 94 prosent at dei trur auka førekomst av styrtregn kjem til å påverke deira fylke i stor eller svært stor grad. På andreplass er grenseoverskridande klimarisiko (92%), etterfølgt av meir ras og skred (91%), meir flom (90%), meir nedbør (88%), stormflod (68%), havnivåstiging (56%) og tørke (52%).
På botnen av lista finn ein hetebølger. Berre 37 prosent trur det vil påverke deira fylke i stor eller svært stor grad.
Tala kjem frå årets fylkesundersøking i Norsk klimamonitor. Alle landets statsforvaltarar og fylkeskommunar er med i undersøkinga som fekk til saman 483 svar.
Over landegrenser
Heile 92 prosent svarer altså at deira fylke i stor eller svært stor grad vil bli påverka av klimaendringar i andre delar av verda. Ei tilsvarande undersøking blant kommunetilsette som vart gjennomført i 2021 og 2017 viser at det er ei sterk auke i vektlegging av denne trusselen. I 2017 svarte berre 15 prosent av kommunane at grenseoverskridande klimarisiko i stor eller svært stor grad kom til å påverke deira kommune, og i 2021 svarte 40 prosent det same.
Grunnen til at me vert meir merksame på grenseoverskridande klimarisiko, er truleg å finne i nyheitsbiletet. Straumkrise og matvareprisar er to stikkord som oppsummerer mykje av nyheitsoppslaga det siste året. I begge tilfelle er det snakk om konsekvensar av hendingar i andre land som påverkar oss gjennom varehandelen. Grenseoverskridande klimarisiko har mykje til felles med desse to, men i staden for å vere utløyst av krig og uro, er det utløyst av klimaendringar.
Under pandemien fekk me mange konkrete møte med konsekvensar av risiko som bevegde seg over landegrenser. Ein av dei viktige lærdomane var at me oppdaga kor sårbare dei globale verdikjedene var i møte det plutselege sjokket som smittepress og nedstengingar verda over førte med seg, i følge ein ny rapport for Nordisk ministerråd.
Me lever allereie med konsekvensane av denne typen risiko i Noreg. Til dømes har kaffiprisane dobla seg på få år på grunn av frost og tørke i Brasil. I framtida spår forskarane at klimaflyktningar, matmangel og nye sjukdomar kan bli vanlege grenseoverskridande konsekvensar av klimaendringar, ifølge forsking.no.
Likt mellom stat og fylke
Fylkeskommunane og statsforvaltarane er påfallande samstemte i inntrykket av grenseoverskridande klimarisiko. Blant dei tilsette hjå fylkeskommunane og dei tilsette hjå statforvaltarane som har svart på spørjeundersøkinga, svarar 52 prosent at klimakonsekvensar over landegrenser vil påverke oss i stor grad, og 40 prosent at det vil påverke oss i svært stor grad.
Berre nokre desimalar skiljer svara.
Kjelder: Berninger et al., 2022, Nordbø et al., 2019
Mest bekymra i nord
Deler ein inn respondentane etter kva fylke dei tilhøyrer, er fordelinga ganske lik. På topp er Nordland: 97 prosent av dei tilsette i statsforvaltaren og fylkeskommunen svarar at klimaendringar i andre land kjem til å påverke fylket i stor eller svært stor grad. 96 prosent svarar det same i Troms og Finnmark, og 94 prosent i Oslo og Viken.
Innlandet er der færrast svarar at grenseoverskridande klimarisiko kjem til å ha mykje å seie. Likevel svarar 86 prosent i stor eller svært stor grad.
Klimamonitor Region
Desse resultata vart samla inn i august og september 2022,
gjennom ei spørjeundersøking til norske fylkeskomunar og
statsforvaltarar. Undersøkinga gjekk ut til 1865
personar og mottok 483 svar (26%).
Spørsmåla handlar om korleis det regionale nivået jobbar
med klimatilpasning og kva utfordringar dei har.
Nordlandsforsking stod for datainnsamlinga, i samarbeid
med Vestlandsforsking.