Folk trur regn vil få mest å seie
Periodar med mykje regn er definitivt det folk trur vil få mest betydning i framtida. Men på fylkesnivå er det stor variasjon.
42 prosent svarar at dei trur periodar med mykje regn er den hendinga som vil få størst betydning for deira kommune i framtida. 11 prosent svarar at periodar med svært høge eller låge temperaturar vil blir den verste klimakonsekvensen, medan 10 prosent meiner det same om periodar med mykje tørke.
Nærare 15 prosent trur at klimaendringane ikkje vil få noko å seie for deira kommune.
Respondenten kunne berre velje eitt svaralternativ. Tala kjem frå årets individundersøking i Norsk klimamonitor.
Store geografiske skilnader
Ser ein vekk frå respondentane som har svart eg trur ikkje klimaendringane vil få betydning, svarar repondentane i alle fylke at periodar med meir regn er den hendinga som vil få mest betydning for deira kommune. Etter det, er det store variasjonar. På andreplass varierer svara mellom periodar med mykje tørke (Agder, innlandet, Vestfold og Telemark, Viken), storm/orkan (Møre og Romsdal, Nordland, Rogaland), skred (Troms og Finnmark, Vestland) og periodar med svært høge eller låge temperaturar (Oslo, Trøndelag).
Flaum er sett på som det tredje største trugsmålet for respondentane frå Agder, Innlandet, Nordland og Troms og Finnmark.
Sett vekk frå storm/orkan stemmer desse vurderingane godt med det dei fylkesvise klimaprofilane frå Norsk klimaservicesenter ansler å vere sannsynlege og betydningsfulle endringar for dei ulike fylka.
Framtidige endringar i vindforhold som følge av klimaendringane har derimot lenge vore eit stort spørsmålsteikn i forskinga. Dei fylkesvise klimaprofilane inneheld til dømes ikkje noko anslag for endringar knytt til vindstyrke då usikkerheita er for stor.
Men ifølge FNs klimapanels siste hovudrapport er det sannsynleg at det blir meir kraftige stormar i Nord-Europa i framtida.
Minst bekymring i Troms og Finnmark
Troms og Finnmark er det fylket der flest svarar at dei ikkje trur klimaendringane vil få betydning for deira kommune, 27 prosent. Oslo er på andre sida av skalaen, der svarar berre 5 prosent at dei ikkje trur klimaendringane vil få betydning, etterfulgt av Møre og Romsdal (9%) og Agder (11%).
Desse svara representerer nødvendigvis ikkje andelen som er skeptiske til klimaendringar, men heller andelen som meiner at deira kommune ikkje vil bli råka av framtidige konsekvensar av klimaendringar.
Klimamonitor individ
Desse resultata vart samla inn hausten 2021,
gjennom å spørje eit representativt utval nordmenn
om kva dei meiner om framtidige konsekvensar av
klimaendringar.
Tala som er presentert her er vekta basert på
variablane kjønn, alder, landsdel og utdanning
for å få eit meir korrekt bilete av populasjonen.
Dataane i individundersøkinga til Norsk klimamonitor er produsert av DIGSSCORE ved Universitet i Bergen.
Forskarar frå Vestlandsforsking og Cicero deltok i datainnsamlinga.