Uklar rollefordeling på fylkesnivå

Rollefordelinga mellom statsforvaltarane og fylkeskommunane er berre er middels god på klimatilpassing, meiner dei sjølv.

Svara frå fylkeskommunane og dei ulike avdelingane hjå Statsforvaltaren viser at det er rom for betre rolleavklaring mellom dei når det gjeld arbeid med klimatilpassing. I gjennomsnitt svarar dei at ansvarsfordelinga verken i stor eller lita grad er avklart.

Det er likevel fleire fylke der rollefordelinga ser ut til å vere god. Agder, Rogaland og Trøndelag oppgir at rollene i stor grad er avklart mellom Statsforvaltaren og fylkeskommunen, medan Oslo kommune oppgir at rollefordelinga i liten grad er avklart mellom dei og Statsforvaltaren i Oslo og Viken. Resten svarar i snitt verken eller.

Meir avklart internt hjå Statsforvaltaren

Mellom avdelingane internt hjå Statsforvaltaren er rollene meir avklarte, seier dei vi har intervjua. Dei fleste svarar at rollefordelinga i stor grad er avklart mellom miljøvern, beredskap og landbruk, medan Nordland og Viken svarar i snitt at rollene i svært stor grad er avklarte. Berre Troms og Finnmark og Innlandet svarar i snitt verken eller på dette spørsmålet.

Spørsmåla vi stilte:
  • «I kva grad opplever du at rollefordelinga mellom fylkeskommunen og Statsforvaltaren/di avdeling hjå Statsforvaltaren og fylkeskommunen i klimatilpassingsarbeidet avklart og arbeidet koordinert?» vart stilt til fylkeskommunane og dei ulike avdelingane hjå Statsforvaltaren

  • «I kva grad opplever du at rollefordelinga mellom dei ulike avdelingane hjå fylkesmannen i klimatilpassingsarbeidet er avklart?» vart stilt berre til Statsforvaltaren.

Respondenten hadde høve til å rangere svaret sitt på ein fempunktsskala frå «i svært liten grad» til «i svært stor grad».

Beredskap og miljøvern

Miljøvern og beredskap er dei avdelingane hjå Statsforvaltaren som opplever å ha den tydelegaste rolleavklaringa overfor fylkeskommunen. På spørsmålet om rollefordeling intern hjå statsforvaltarane, er det heilt klart beredskapsavdelinga som opplever tydelegast rollefordeling. Der svarar nesten alle respondentane at rollefordelinga i stor grad er avklart.

Ein av konklusjonane i rapporten «Oppdatering av kunnskap om konsekvenser av klimaendringer i Norge» frå 2018 er at det finst lite kunnskap om kva som faktisk blir gjort på klimatilpassing på det regionale nivået i Noreg. I samband med regionreforma, vart det òg slått fast av ekspertutvalet at rollefordelinga mellom fylkeskommunen og Statsforvaltaren på dette nivået, er noko uklar. Resultata frå spørjeundersøkinga stadfestar langt på veg dette.

Klimamonitor Region
Undersøkinga vart distribuert til klimatilpassingsansvarleg i fylkeskommunane og leiarane for tre ulike avdelingar hjå statsforvaltarane: beredskap, landbruk og miljøvern. 39 av 41 potensielle respondentar deltok i undersøkinga. Alle fylke var representerte. Datainnsamlinga vart gjennomført mellom oktober og desember 2020.

Målet for undersøkinga var å finne ut meir om rollefordelinga og rolleforståinga i klimatilpassingsarbeidet i og mellom fylkeskommunen og dei ulike avdelingane hjå Statsforvaltaren.

Forskarar frå Vestlandsforsking, Cicero og Nordlandsforsking deltok i datainnsamlinga.

Lisensiert under CC BY 4.0

Fri bruk mot kreditering

 
 

 
Forrige
Forrige

Økonomi klart største barriere

Neste
Neste

Økt fokus på grenseoverskridende klimarisiko