Legg ansvar på seg sjølv og næringslivet

Dei aller fleste meiner staten har ansvar for klimatilpassinga i Noreg, medan berre halvparten legg ansvaret på kommunane. Interessant nok meiner to av fem at dei sjølve og næringslivet må ta ansvar for klimatilpassing.

Oppdatering 26.05.2023: Tala i denne publikasjonen er ikkje vekta. Sjå her for oppdaterte tal.

Totalt svarar 88% at dei meiner staten har eit ansvar, medan 50% svarar det same om kommunane. Ein relativt stor del svarar at dei meiner det private næringslivet og private hushald har eit ansvar: 41% for det private næringslivet, og 38% for private hushald. 14% svarar at frivillige organisasjonar har eit ansvar, medan 7% svarar at dei ikkje veit.

Mykje av det formelle ansvaret og fokuset på klimatilpassing ligg hjå kommunane. Det er difor interessant at berre halvparten svarar at kommunane er ansvarlege. På den andre sida, er det generelt lite fokus på det private næringslivet og særskilt på private hushald sitt ansvar på klimatilpassing. Der svarar likevel to av fem spurte at dei har eit ansvar.

Dette spørsmålet var stilt:
«Klimaendringene fører mellom anna til meir regn, meir tørke og generelt meir ekstremvær i Norge. I tillegg stig havnivået.

Kven meiner du har ansvaret for å sikre oss mot framtidige konsekvensar av klimaendringar (meir storm, skred, flaum, tørke og stormflo)?»

Respondenten kunne velje mellom seks svaralternativ: «staten», «kommunane», «det private næringslivet», «private hushald», «frivillige organisasjonar» og «veit ikkje».

MdG-veljarar meiner mest

Deler ein svara inn etter partitilhøyre, ser ein at MdG-veljarar er dei som meiner sterkast at alle har eit ansvar for klimatilpassing. Der svarar 97% staten, 74% kommunane, 63% det private næringslivet, 45% private hushald og 20% frivillige organisasjonar.

FrP-veljarar er både dei som har mest veit ikkje-svar og dei som meiner minst om ansvaret for klimatilpassing. Der svarar 68% staten, 31% kommunane, 20% det private næringslivet, 22% private hushald, 9% frivillige organisasjonar og 23% at dei ikkje veit.

Klimamonitor individ
Desse resultata er samla inn i november 2020, gjennom å spørje eit representativt utval nordmenn om kva dei meiner om framtidige konsekvensar av klimaendringar.

Dataane i individ-undersøkinga til Norsk Klimamonitor er produsert av Norsk medborgerpanel , som er ein del av Universitetet i Bergen. Ideas2evidence står for datainnsamlinga.

Lisensiert under CC BY 4.0

Fri bruk mot kreditering

 
 
 
 
 

 
Forrige
Forrige

Stor tru på eiga evne til å tilpasse

Neste
Neste

Fire av fem meiner me gjer for lite