Fleire gir kommunane meir av ansvaret

Årets individundersøking viser ei endring i kven folk flest meiner er ansvarlege for å sikre oss mot klimakonsekvensar. Staten er framleis på topp, men fleire meiner kommunane har ansvaret.

Totalt svarar 86 prosent at staten har ansvaret for klimatilpassing. 57 prosent svarer det same om kommunane, medan 37 prosent meiner dei private hushaldningane har eit ansvar. 30 prosent meiner det private næringslivet har ansvaret og 11 prosent svarar at frivillige organisasjonar har ansvaret. 7 prosent svarar at dei ikkje veit.

Tala viser to store endringar frå tilsvarande undersøking i 2020. Langt fleire meiner kommunane har eit ansvar medan det private næringslivet slepp billigare unna. Andelen som meiner kommunane har ansvar aukar frå 49 prosent i 2020 til 57 prosent i årets undersøking. Og andelen som meiner det private næringslivet har eit ansvar minkar frå 39 prosent i 2020 til 30 prosent i år.

Mykje av det formelle ansvaret og fokuset på klimatilpassing ligg hjå kommunane, og mesteparten av innsatsen blir òg gjort der, medan det private næringslivet slit meir med å kome i gang med klimatilpassing.

Dette spørsmålet vart stilt:
    «Hvem mener du har ansvaret for å sikre oss mot fremtidige konsekvenser av klimaendringer (mer storm, skred, flom, tørke og stormflo)?»
      Respondenten fekk seks svaralternativ: «staten», «kommunene», «det private næringslivet», «private husholdninger», «frivillige organisasjoner» og «vet ikke». Det var mogeleg å velge fleire svaralternativ.
        Spørsmålet vart stilt til eit representativt utval nordmenn.

        Ujamn fordeling av auken i kommmuneansvar

        Deler ein svara inn etter fylke, ser ein at Oslofolk er i ein eigen klasse der 70 prosent meiner at kommunane har eit ansvar for klimatilpassing i årets undersøking. Rogaland og Vestfold og Telemark er dei som ligg nærast Oslo, med ein andel på 58 prosent som meiner kommunane har eit ansvar. På sisteplass ligg folk frå Møre og Romsdal og Innlandet, der berre 46 prosent meiner kommunane har eit ansvar.

        Den største auken frå 2020, ser ein i Nordland og Troms og Finnmark, der 13 prosent poeng fleire meiner at kommunane har eit ansvar. I Oslo er auken på 12 prosent poeng, og i Viken og Vestfold og Telemark 11 og 10 prosent poeng.

        Innlandet er det einaste fylke som har motsatt trend. Der meiner 6 prosent poeng færre at kommunane har eit ansvar no enn i 2020. I Agder er det uendra sidan førre undersøking.

        Klimamonitor individ
        Desse resultata vart samla inn hausten 2020 og 2022, gjennom å spørje eit representativt utval nordmenn om kva dei meiner om framtidige konsekvensar av klimaendringar. Tala som er presentert her er vekta basert på variablane kjønn, alder, landsdel og utdanning for å få eit meir korrekt bilete av populasjonen.

        Dataane i individundersøkinga til Norsk klimamonitor er produsert av DIGSSCORE ved Universitet i Bergen. Forskerar frå Cicero og Vestlandsforsking har laga spørsmåla og analysert svara.

         

        Lisensiert under CC BY 4.0

        Fri bruk mot kreditering

         
         
         

         
        Forrige
        Forrige

        Økonomi er det største problemet – likevel betaler bøndene selv

        Neste
        Neste

        Lite bekymret for klimaskader på egen bolig