Fire av fem meiner me gjer for lite

Over 80 prosent vil ha auka innsats på klimatilpassing, sjølv om det betyr dyrare mat og mindre pengar til andre ting.

Mellom 16 og 21 prosent av dei spurte er svært samd i påstandane om at myndigheitane må auke innsatsen både på direkte konsekvensar som skred og flaum, og på indirekte konsekvensar, som sviktande matproduksjon. Mellom 37 og 40 prosent er samd, og mellom 22 og 28 prosent er noko samd med påstanden. Sler ein desse tala saman, ser ein at mellom 81 og 83 prosent meiner innsatsen på klimatilpassing må aukast.

Sjølv om spørsmålet påpeikar at auka innsats på klimatilpassing kan bety mindre pengar til andre viktige formål, svarar berre mellom 5 og 7 prosent at dei er noko usamd, usamd eller svært usamd. Resten svarar verken samd eller usamd.

Spørsmåla som var stilt, var desse:
  • «Kor samd eller usamd er du i at myndigheitene må auke innsatsen for å sikre oss mot direkte lokale konsekvensar av klimaendringar (storm, flaum, tørke og stormflod), sjølv om dette betyr at det blir mindre pengar til andre formål?»

  • «Kor samd eller usamd er du i at myndigheitene må auke innsatsen for å førebygge indirekte konsekvensar av klimaendringar, som for eksempel sviktande matproduksjon, sjølv om dette betyr at maten blir dyrare?»

Respondenten kunne rangere svaret på ein sjupunktsskala frå «svært usamd» til «svært samd». Spørsmålet vart stilt til eit representativt utval nordmenn.

Folk frå Nordland er mest samde

Ser ein berre på dei som har svart samd eller svært samd på dei to spørsmåla, og deler desse inn etter fylke, ser ein at folk frå Nordland er mest samd i begge påstandane. 63% av dei spurte i Nordland er samd eller svært samd i at myndigheitene må auke innsatsen på direkte konsekvensar, medan heile 71 % av Nordlands-innbyggarane svarar det same på spørsmålet om indirekte konsekvensar, som sviktande matproduksjon.

Dei som er minst opptekne av at me må auke innsatsen med å førebygge direkte konsekvensar av klimaendringar, er folk frå Troms og Finnmark. innbyggarane i Møre og Romsdal er minst opptekne av å auke innsatsen for å førebygge indirekte konsekvensar.

Klimamonitor individ
Desse resultata er samla inn i november 2020, gjennom å spørje eit representativt utval nordmenn om kva dei meiner om framtidige konsekvensar av klimaendringar.

Dataane i individ-undersøkinga til Norsk Klimamonitor er produsert av Norsk medborgerpanel , som er ein del av Universitetet i Bergen. Ideas2evidence står for datainnsamlinga.

Lisensiert under CC BY 4.0

Fri bruk mot kreditering

 
 
 

 
Forrige
Forrige

Legg ansvar på seg sjølv og næringslivet

Neste
Neste

Fylkeskommunane ikkje imponert over sektorsamarbeidet