Høgare ambisjonsnivå for klimatilpassing i kommunane

Ambisjonsnivået og viljen til å drive klimatilpassingsarbeid i kommunane har auka. Likevel er det barrierar som gjer at kommunane ikkje får gjort jobben på den måten dei vil.

Kommunane treng meir ressursar og betre statleg samordning. Det viser resultat frå intervju med leiarar og fagfolk i ti norske kommunar som deltok i KS’ kommunenettverk om klimatilpassing 2022-2023. Rapporten er ei oppfølging av Kommuneundersøkinga 2021, ei spørjeundersøking som gjekk ut til alle landets kommunar.

Den gong svarte kommunane at bemanning og økonomi var dei desidert største barrierane. Høvesvis 74% og 70% svarte at desse momenta i stor eller meget stor grad var barrierar i arbeidet. Undersøkinga frå 2021 avdekka òg at kommunane ser på ressursar som ein aukande barriere samanlikna med ei tilsvarande undersøking frå 2017.

I tillegg til ressursar, var manglande statleg samordning ein anna barriere som kommunane opplevde som sterkt aukande.

Aukande ambisjonsnivå

Eit hovudinntrykk frå intervjua er at dei fleste negative trendane som den nasjonale spørjeundersøkinga viste, er knytt meir til høgare ambisjonsnivå i kommunane enn til ein nedgang i ressursar eller forverring av staten si evne til å samarbeide. Mykje godt arbeid er på gang i kommunane, men viljen til å drive klimatilpassingsarbeidet vidare er langt større enn vilkåra tillet.

Klimamonitor kommune
Denne utgåva av Kommuneundersøkinga er gjort som intervju med 16 leiarar og fagfolk frå 10 norske kommunar. Målet med undersøkinga er å utgreie nokre sentrale funn frå Kommuneundersøkinga i 2021. Temaa for denne undersøkinga er økonomiplan og budsjett, resultatoppfølging og rapportering, økonomi og bemanning, statleg samordning, kommunal merksemd og prioritet, fagområde med utfordringar, eksternt samarbeid og internt samarbeid.

Undersøkinga er gjennomført av Vestlandsforsking i samarbeid med KS. Informantane er rekruttert frå KS sit kommunenettverk for klimatilpassing 2022-2023. Intervjua er gjennomført vinteren 2022/23.

Organisering og integrering

Manglande interesse for klimatilpassing og for lite midlar gjer at det er ein reaktiv innsats som pregar klimatilpassinga i Noreg i dag. Det må eit skikkeleg uvêr til før midlane kjem. “Bevilgande regn” blir brukt for å skildre fenomenet, og er eit godt etablert omgrep i kommunesektoren.

Rapporten finn at kommunar som har lukkast med å legge klimatilpassing inn i økonomiplanlegginga, seier at nøkkelen har vore å setje søkelys på dei økonomiske fordelane ved klimatilpassing. Manglande merksemd over tid vil truleg føre til at utgiftene til kommunane aukar mykje samanlikna med kostnadane knytt til å gjere tiltak no.

Barrierar

Manglande merksemd og ressursar over tid svekkar motivasjonen og interessa for å drive klimatilpassingsarbeid. Når det manglar ressursar til å iverksetje naudsynte tiltak over tid, går det utover lysten til å drive aktivt med klimatilpassing.

Leiarane i undersøkinga kjenner seg veldig igjen i vurderinga av manglande statleg samordning som ei aukande barriere, slik spørjeundersøkinga i 2021 avdekka. Dei peikar på konfliktar mellom jordvern og samferdsel, mellom natur og klima, og mellom hav- og landforvaltning. Dette kjem sterkt til uttrykk ved ulike og ofte motstridande signal frå statlege myndigheiter.

Nokon opplever at enkelte sektorar, forvaltningsnivå eller omsyn dominerer over andre. Dette kjem sterkast til uttrykk gjennom at energisektoren har unntak frå plan- og bygningsloven.

Fagområde med utfordringar

Avløp/overvatn, veg/gate/park og landbruk er dei fagområda kommunane opplever som mest utfordrande, ifølge spørjeundersøkinga frå 2021. Informantane i den nye undersøkinga meiner at årsaken til at desse områda blir oppfatta som mest krevjande, heng saman med at det er desse områda kommunane har jobba lengst med. Her har kommunane best kunnskap om og kjennskap til tiltak og konsekvensar, og ser samtidig eit vedvarande udekka behov.

Samstundes er det ein fare for at meir gradvise og indirekte hendingar, som aukande råteskader, havnivåstiging eller migrerande sjukdommar, ikkje får tilstrekkeleg merksemd og prioritet når det heile tida manglar ressursar til klimatilpassing.

Lisensiert under CC BY 4.0

Fri bruk mot kreditering

 
 

 
Forrige
Forrige

Lite bekymret for klimaskader på egen bolig

Neste
Neste

Boligeiere vil vite mer om hva de kan gjøre selv