Fylkeskommunane ikkje imponert over sektorsamarbeidet
Både statsforvaltarane og fylkeskommunane meiner det er rom for meir samarbeid mellom ulike samfunnsektorarar på klimatilpassing. Hjå fylkeskommunane er dette svært tydeleg.
Fem av dei ni fylkeskommunane som er intervjua opplever at ulike samfunnssektorar i liten grad samarbeider om klimatilpassing.
Hjå statsforvaltarane opplever dei sektorsamarbeidet noko meir positivt. I beredskapsavdelingane hjå statsforvaltar svarar berre to respondent i liten grad, medan fire svarar i stor grad.
Dette spørsmålet vart stilt:
«I kva grad opplever du at ulike samfunnssektorar samarbeider om klimatilpassing?».
Respondenten hadde mogelegheit til å rangere svaret sitt på ein fempunktsskala frå «i svært liten grad» til «i svært stor grad».
Fylkeskommunen jobbar på tvers
I Noreg er det sektorprinsippet som rår på arbeidet med klimatilpassing. Det betyr at kvar samfunnssektor har ansvaret for klimatilpassing innan sitt område. Til dømes har Vegvesenet ansvar for vegnettet, NVE har ansvaret for vassdraga og DSB har ansvaret for beredskap og ulykkeshandtering. Statsforvaltaren er organisert på same måte, med ulike avdelingar som er sektormynde innanfor sine område, som beredskap, miljø og landbruk. Det er difor interessant at fylkeskommunane, som i stor grad jobbar med koordinering på tvers av sektorane, har eit anna inntrykk av sektorsamarbeidet enn dei ulike avdelingane hjå statsforvaltar.
I gjennomsnitt svarar alle dei spurte at ulike samfunnssektorar samarbeidar i verken stor eller liten grad, altså at sektorsamarbeidet er midt på treet. Agder er det einaste fylke som svarar i stor grad, medan Rogaland, Innlandet, Trøndelag, Oslo og Troms og Finnmark svarar i liten grad.
Klimamonitor region
Undersøkinga vart distribuert til klimatilpassingsansvarleg i fylkeskommunane og leiarane for tre ulike avdelingar hjå statsforvaltarane: beredskap, landbruk og miljøvern. 39 av 41 potensielle respondentar deltok i undersøkinga. Alle fylke var representert. Datainnsamlinga vart gjennomført mellom oktober og desember 2020.
Målet for undersøkinga var å undersøke rollefordelinga og rolleforståinga i klimatilpassingsarbeidet i og mellom fylkeskommunen og dei ulike avdelingane hjå statsforvaltar.
Forskarar frå Vestlandsforsking, Cicero og Nordlandsforsking deltok i datainnsamlinga.