Stor tru på eiga evne til å tilpasse

Dei aller fleste er samde i at dei sjølve kan bidra til å sikre seg og sin eigendom mot konsekvensar av klimaendringar. Berre omlag åtte prosent er usamde.

Totalt svarar 14% at dei er svært samd, 34% at dei er samd, 31% at dei er noko samd, 12% at dei er verken samd eller usamd, 3% at dei er noko usamd, 4% at dei er usamd og 1% at dei er svært usamd.

Ser ein det i samanheng med at to av fem meiner private hushald har eit ansvar for klimatilpassing, er det truleg mange som er villige til å gjere klimatilpassingstiltak på eigen eigedom dersom det vert naudsynt.

Dette spørsmålet var stilt:
«Kor samd eller usamd er du i at du sjølv kan gjere tiltak som er med på å sikre deg og din eigedom mot konsekvensar av klimaendringar?»

Respondenten kunne rangere svaret på ein sjupunktsskala frå «svært usamd» til «svært samd». Totalt 1996 respondentar fekk spørsmålet. 30 valde å ikkje svare.

Venstre, Ap og Krf-veljarar mest samd

Dei veljarane som stemmer Venstre, Ap og Krf er dei som er mest samde i at dei sjølve kan gjere tiltak. Der svarar 87% at dei er samde.

SV-veljarane er dei som er mest usamde i påstanden. Der svarar 14% at dei er noko usamd, usamd, eller svært usamd.

Klimamonitor individ
Desse resultata er samla inn i november 2020, gjennom å spørje eit representativt utval nordmenn om kva dei meiner om framtidige konsekvensar av klimaendringar.

Dataane i individ-undersøkinga til Norsk Klimamonitor er produsert av Norsk medborgerpanel , som er ein del av Universitetet i Bergen. Ideas2evidence står for datainnsamlinga.

Last ned fullstendig datasett (.xls)

Lisensiert under CC BY 4.0

Fri bruk mot kreditering

 
 
 
 
 

 
Forrige
Forrige

Næringslivet stiller sjeldan krav til klimatilpassing

Neste
Neste

Legg ansvar på seg sjølv og næringslivet