Energibransjen er usamde om dei gjer nok
Nesten halvparten meiner at vi merkar klimaendringane no. Dei som jobbar med distribusjon av straum er usikre på om dei gjer for nok for å redusere konsekvensane av eit endra klima.
Sjølv om nesten halvparten av respondentane i Energiundersøkinga meiner at klimaendringane merkast her og no, er det 53 prosent som meiner at vi kjem til å merke dei først i framtida. 35 prosent meiner klimaendringane blir tydelege om ti år, og 18 prosent om 20-50 år. Det er ingen som meiner at vi aldri kjem til å merke dei.
Tala kjem frå Klimamonitor si energiundersøking, som er den første i sitt slag. Undersøkinga spør representantar frå energisektoren om korleis dei ser på konsekvensane av klimaendringane.
Skil energibransjen seg ut?
Samanlikna med haldningane til befolkninga, er energisektoren klar på at klimaendringane er her no eller seinast om 20-50 år. I eit tilsvarande spørsmål, stilt til eit representativt utval nordmenn, svarar 44 prosent at vi merkar klimaendringane no, 26 prosent meiner det neste tiåret, 17 prosent meiner om meir enn 50 år og 8 prosent meiner at konsekvensane aldri vil kome.
Klimaendringane sin påverknad
Eit endra klima vil påverke energisystemet i både produksjon, distribusjon og forbruk. Omstilling til meir fornybar energi gjer at energisystemet er meir avhengig av vêret for å produsere kraft. Fysisk infrastruktur kan bli øydelagt av meir ekstremvêr, endra vêrmønster som gjer at ein får for lite kraftproduksjon (til dømes tørke som kan føre til lågare fyllingsgrad, mindre vind når ein treng det) eller endra sesongvariasjon som gjer at forbrukarar endrar sitt årlege energibehov.
Usikre på eigen innsats
Det er markant skilnad mellom produksjon og distribusjon i oppfatninga om bedriftene gjer nok for å redusere konsekvensane av klimaendringar. Blant dei som jobbar innanfor distribusjon, svarar 32 prosent at dei meiner det ikkje blir gjort nok. I produksjonssektoren er det berre 9,5 prosent som har same oppfatning.
Blant dei som jobbar med produksjon meiner heile 81 prosent at tilstrekkelege tiltak bli gjennomført for å handtere klimaendringar, mens dette talet er lågare for distribusjon, der berre 50 prosent føler det same.
9,5 prosent (produksjon) og 18 prosent (distribusjon) er usikre og svarar verken eller.
Klimamonitor Energisektor
Spørsmåla i denne undersøkinga handlar om korleis energibransjen; produsentar og distributørar av elektrisk kraft, ser på konsekvensane av klimaendringane.
Spørjeundersøkinga blei sendt ut våren 2023 til tilsette i energiselskap, både dei som produserer og leverer elektrisk kraft. Den blei sendt ut til rundt 100 personar og fekk 49 svar
Energiundersøkinga er gjennomført av Vestlandsforskning.
Lisensiert under CC BY 4.0
Fri bruk mot kreditering