
Data om privat næringsliv
Storstilt datainnsamling
Forprosjektet samlar tidlegare forsking og, ved hjelp av denne, skisserer hovudtrekka for ei storstilt datainnsamling i tre hovuddelar av samfunnet: hushaldingar og individ, privat næringsliv og offentleg forvalting.
Eit viktig mål for hovudprosjektet er at denne datainnsamlinga skal vere godt koordinert med, og breitt forankra hjå, andre forskings- og forvaltingsaktørar som har interesse av klimatilpassingsforskinga i Noreg. Ein viktig del av forprosjektet har difor vore å avklare planar, forventingar og behov hjå andre.
I forprosjektet vert det òg gjennomført pilotundersøkingar i alle delane av samfunnet ved hjelp av ulike metodar og framgangsmåtar.
Privat næringsliv
Medan enkelte delar av samfunnet (og særskilt delar av forvaltinga) er godt dekte i forskingslitteraturen, er det andre delar me ikkje har like god forståing av. Det private næringslivet og hushaldingar er eksempel på det. I Noreg, så vel som internasjonalt, handlar litteraturen om det private næringslivet først og fremst om primærnæringar, reiseliv og finans.
For å utvide forståinga av tilpassingsinnsatsen i det private næringslivet, er det gjennomført ei pilotundersøkinga med konsulentar i samarbeid med Rådgivende Ingeniørers Forening. Undersøkinga viser mellom anna at det private næringslivet er mindre flinke enn alle deler av forvaltinga, både når det gjeld initiativ og kunnskap knytt til klimatilpassing.
Offentleg forvalting
Offentleg forvalting er den delen av samfunnet som, naturleg nok, er best undersøkt. Her gjer me opp kunnskapsstatus ved å analysere 13 tidlegare populasjons-spørjeundersøkingar til norske kommunar, gitt i tidsrommet 2007-2019. Me gjennomfører òg ei undersøking til fylkeskommunar og fylkesmannsembete som kartlegg rollefordelinga og rolleforståinga mellom desse.
Etablering av undersøkingar i kommunane og på direktorat- og etatsnivå er òg drøfta.
Hushaldningar og individ
Denne delen av samfunnet er det me veit desidert minst om.
Ein gjennomgang av internasjonal litteratur viser likevel at det er ei rekkje dimensjonar ved individuelle haldningar og handlekraft som er svært nyttige å undersøke i ein norsk kontekst. Pilotundersøkinga tek form som ei deltaking i UiB sitt Medborgerpanel.
Lite klimatilpassing i ROS
22% av kommunane seier dei har utarbeida risiko og sårbarheitsanalysar knytt til konsekvensar av klimaendringar «i stor grad» eller «i noen grad».
Stort kunnskapsbehov
51% av kommunane svarar at det «i stor grad» er behov for meir kunnskap om korleis klimaendringar vil få konsekvensar for kommunen sine ansvarsområde.