Eit endra samfunn er like krevjande som eit endra klima
Energisektoren vurderer i stor grad både klimaendringar og samfunnsendringar når de planlegg for framtida. Ressursar til kraftnettet og nye miljøkrav er viktige å sjå i samanheng med eit endra klima.
Over halvparten (57 prosent) av respondentane frå energisektoren oppgir at dei legg like mykje vekt på endringar i klimaet som på endringar i samfunnet når dei vurderer den samla konsekvensen av klimaendringar. Omlag 22 prosent legg litt meir vekt på klimaendringar enn samfunnsendringar, mens 20 prosent legg mest vekt på samfunnsendringar.
Svara kjem frå årets energiundersøking i Klimamonitor.
For å få eit samla bilete av risikoen i framtida, er det viktig å sjå klimaendringar i samspel med korleis samfunnet vil endre seg. Eit døme er at det i eit endra klima trengs meir ressursar for å vedlikehalde og drifte energiinfrastruktur. Manglande ressursar kan auke konsekvensane viss det oppstår naturhendingar som flaum og ras.
Eit anna eksempel er internasjonale klimakrav eller utanlands kraftetterspurnad, som kan endre seg i tråd med klimaendringane.
Det meste er viktig
Energisektoren meiner de viktigaste samfunnsfaktorane å vurdere er myndigheiters sine miljøkrav til ny kraftutbygging, krav til forsyningstryggleik og ressursar til vedlikehald og oppgradering av kraftnettet. 92 prosent av dei spurde svarer at dei er samde i påstandane om at desse er viktige faktorar å ta omsyn til når dei vurderer den samla klimarisikoen i framtida.
Respondentane er stort sett samde i at alle samfunnsfaktorane er viktige. Likevel er det nokre faktorar som får noko mindre oppslutnad. 71 prosent av respondentane er samde i at myndigheitene sine krav til pris på energi og endringar i kva energitype som er føretrekt (elektrisitet versus bioenergi)
Klimamonitor Energisektor
Spørsmåla i denne undersøkinga handlar om korleis energibransjen; produsentar og distributørar av elektrisk kraft, ser på konsekvensane av klimaendringane.
Spørjeundersøkinga blei sendt ut våren 2023 til tilsette i energiselskap, både dei som produserer og leverer elektrisk kraft. Den blei sendt ut til rundt 100 personar og fekk 49 svar.
Energiundersøkinga er gjennomført av Vestlandsforskning.
Lisensiert under CC BY 4.0
Fri bruk mot kreditering