Næringslivet stiller sjeldan krav til klimatilpassing

Samanlikna med offentleg forvaltning, stiller oppdragsgivarar frå det private næringslivet sjeldnare krav til at klimatilpassing skal inkluderast i konsulentoppdrag.

44% av spurte konsulentar svarar at oppdragsgivarar frå næringslivet sjeldan eller aldri er dei som tek initativet til å inkludere klimatilpassing i oppdrag der klimatilpassing har inngått. Berre 23% svarar at oppdragsgivarar frå næringslivet ofte eller alltid er den som tek initiativ til å inkludere klimatilpassing i aktuelle oppdrag.

Om oppdragsgivarar frå offentleg forvaltning, meiner 28% at offentlege oppdragsgivarar sjeldan eller aldri tek initiativ, medan 29 % svarar at dei ofte eller alltid gjer det.

Desse spørsmåla var stilt:
  • «I oppdrag frå næringslivet der klimatilpassing har inngått, kven har teke initiativet til at klimatilpassing skal vere ein del av prosjektet?»
  • «I oppdrag frå offentleg forvalting der klimatilpassing har inngått, kven har teke initiativet til at klimatilpassing skal vere ein del av prosjektet?»
For kvart av desse spørsmåla fekk respondenten tre alternativ som skulle rangerast:
  • «Oppdragsgjevar? Oppdragsgjevar har tydeleg definert klimatilpassing som ein del av oppdraget.»
  • «Delt initiativ? Klimatilpassing er implisitt ein del av oppdraget og vert difor vektlagt.»
  • «Konsulent? De tek sjølve initiativ til å inkludera klimatilpassing i oppdraget og «sel det inn» til oppdragsgjevar.»
Figuren er basert på svara på det første alternativet. Respondenten kunne rangere svaret på ein fempunktsskala frå «aldri» til «alltid». Totalt 82 respondentar fekk spørsmålene. Mellom 7-19 svarte «veit ikkje».

    Klimamonitor konsulent
    Desse resultata er samla inn i oktober 2021, gjennom ei spørjeundersøking til norske konsulentar. Spørsmåla handla om korleis konsulentane opplev klimatilpassingsarbeidet, oppdragsgjevarar sin kompetanse og initiativ, og i kva grad klimatilpassing er på dagsorden hjå ulike oppdragsgjevarar.

    Dataane i konsulentundersøkinga 2020 er samla inn i samarbeid med Rådgivende Ingeniørers Forening og Norske arkitekters landsforbund.

    Lisensiert under CC BY 4.0

    Fri bruk mot kreditering

     
     
     
     
     

     
    Forrige
    Forrige

    Næringslivet har minst kunnskap

    Neste
    Neste

    Stor tru på eiga evne til å tilpasse