Meiner klimaendringar aukar kraftproduksjonen, men også utfordringane

Energibransjen ser klart potensial for auka produksjon av vass- og vindkraft som ei følgje av klimaendringar. Samstundes er dei uroa for straumforsyninga og for øydeleggingar som kan oppstå ved naturskadehendingar. 

Energibransjen er samde om at moglegheita for auka vasskraftproduksjon vil vere eit positiv utfall av eit endra klima. Heile 84 prosent av respondentane i norske energiselskap meiner det. 53 prosent meiner det same om vindkraft. Vidare meiner 61 prosent at energibehovet til oppvarming bli redusert på grunn av høgare gjennomsnittstemperaturar. Energisektoren er meir usikker kring auka bioenergiproduksjonen ved gunstigare vekstvilkår.

Svaret som skil seg aller mest ut, er knytt til forsyninga av straum. For medan energinæringa meiner at produksjonen av energi vil vere gunstigare i framtida, meiner dei at forsyninga vil verte meir utfordrande. Her er respondentane stort sett samstemte i at effekten av klimaendringane er negativ. Heile 78 prosent meiner det.

Svara kjem frå årets energiundersøking i Klimamonitor.

Utfordringar i energisektoren

Sjølv om energisektoren ser moglegheiter er dei også bekymra for negative konsekvensar av klimaendringane. Respondentane trekk fram at større fare for ras og skred og flaumfare vil ha negative verknader for både produksjon og distribusjon av straum. Dei kan føre til øydelegging av kraftverk, dammar, straumnettet og elektriske installasjonar som kan i verste fall føre til avbrot i produksjon eller straumbrot på nettet.

 
 
 
Desse spørsmåla blei stilt:

  • Kor einig eller ueinig er du i at følgjande konsekvensar av klimaendringar kan gje positive verknader for produksjon, distribusjon, og/eller bruk av fornybar energi i Noreg?
  • Kor einig eller ueinig er du i at følgande klimafaktorar kan gje negative konsekvensar for produksjon av fornybar energi i Noreg?
  • Kor einig eller ueinig er du i at følgande klimafaktorar kan gje negative konsekvensar for distribusjon av fornybar energi i Noreg?
  • Kva trur du de samla konsekvensane av klimaendringar vil bli for produksjon og distribusjon av fornybar energi i Noreg i framtida?
  • Svaralternativa er gitt i figurene.
        45-49 personar frå energibransjen svarte på spørsmåla.

        Hyppigare stormfelling av tre og lyn- og tore vil òg ha alvorlege  negative konsekvensar for straumnettet. For distribusjon av straum kan også klimaendringar føre til meir ising på linjene som kan føre til øydelegging og i verste fall straumbrot. Det er også fare for auka råte- og materialsvekking når temperaturane i Noreg blir høgare. Drift, vedlikehald og reparasjon er i dag store kostnader for dei som jobbar med straumnettet, og med klimaendringar vil nok kostnadene auke vesentleg.

        Blanda forventningar

        Totalt meiner 43 prosent at klimaendringane vil ha negativ påverknad for distribusjon og produksjon av fornybar energi i framtida. 37 prosent meiner det vil slå ut positivt, og 18 prosent trur det vil slå ut like mykje positivt og negativt.

        Dei positive verknadene er truleg knytt til meir tilsig grunna meir nedbør og potensielt meir vind som auke, høvesvis, vatn-og vindkraftproduksjonen. Tross dette er det stor bekymring for forsyningstrykkleiken grunna konsekvensane klimaendringane kan ha på straumnettet.

         
         
         

        Klimamonitor Energisektor
        Spørsmåla i denne undersøkinga handlar om korleis energibransjen; produsentar og distributørar av elektrisk kraft, ser på konsekvensane av klimaendringane.

        Spørjeundersøkinga blei sendt ut våren 2023 til tilsette i energiselskap, både dei som produserer og leverer elektrisk kraft. Den blei sendt ut til rundt 100 personar og fekk 49 svar.

        Energiundersøkinga er gjennomført av Vestlandsforskning.

         
         

        Lisensiert under CC BY 4.0

        Fri bruk mot kreditering

         
         

         
        Forrige
        Forrige

        Eit endra samfunn er like krevjande som eit endra klima

        Neste
        Neste

        Energibransjen er usamde om dei gjer nok